Helseministerens årlege konferanse er ein viktig møteplass for leiarar, fagpersonar, brukarar, politikarar og andre aktørar som er opptekne av helse- og omsorgstenestene for framtida.
Årets tema er ”Samhandlingsreforma – kvalitet og innovasjon”. Reforma har no verka i meir enn eitt år og dei fleste har sett at den har verknader i eigen teneste. Engasjementet er framleis stort over heile landet, og mange har etablert prosjekt og tilpassa tenestene til den nye røyndomen.
Konferansen har breidde i programmet og femnar denne gongen fleire høve enn berre det som kan verte knytt direkte til samhandlingsreforma. Vi vil fyrst freiste sjå inn den nære framtida og kva ein kan oppnå med å tenkje nytt og annleis og vi har òg valt å lyfte folkehelse som eige tema. Vi avsluttar meir reflekterande på dag to med prioritering, leiing og etikk.
Seminaret vil vere foredrag i plenum med korte videoinnslag frå praksisfeltet og på ”Samhandlingstorget” kan de sjå gode eksempel frå tenestene.
Helsekonferansen er ein viktig møteplass for å hente inspirasjon, utveksle røynsler og få viktig kunnskap om retninga for helse-Noreg. Plassane vart tidleg fylt opp i fjor. Meld deg på i god tid! Fristen for å melde seg på er 20. mars.